Våre produksjonslinjer

Me driv ei fleksibel verksemd med fleire linjer som gjev oss stor kapasitet og variasjon i produktutvalet:

  1. Saglinje
    • Barkemaskin: Tek av bork, som er eit salsprodukt
    • Bandsag med sagoperatør: Gjev høg presisjon ved skjering av tømmer, der me kan laga alt frå vanlege standarddimensjonar til spesialdimensjonar, malmfuru, laftetømmer og andre nisjeprodukt
    • Kløyvsag og kantsag: Effektiv handtering for fleire ulike måtar å dela stokken på, til dømes om du treng breiare plank eller mindre lekter
    • Pakkelinje: For stabling og sortering, klargjering for tørk eller direkte levering til kunde.
  2. Tørkelinje
    • To separate tørkekammer (totalt ca. 80 m³), slik at me kan tørka både små og store parti utan å bruka unødig energi
    • Oppvarming skjer ved flisfyring med biprodukt.
  3. Høvellinje
    • Matebord med endekapping
    • Høvel med 6 spindlar og endefres
    • Merkebord: Stemplar lengde, kvalitet og CE-merking
    • Pakkelinje for ferdig vare
    • Tørr spon blir samla opp og selt vidare som høvelspon og sagamo.
  4. Flisfyringsanlegg
    • Nytt anlegg på 450 kW som varmar opp bygg og tørkekammer
    • Nærast sjølvforsynte med flis, med høve for sal av energiflis (30–35 % fukt) til andre.

Produkt og tenester

Hos oss får du alt frå vanlege byggemateriale til spesiallaga trematerial for heilt unike prosjekt:

  • Spesialdimensjonar
  • Malmfuru
  • Laftetømmer / lafteplank
  • Villmarkskledning og villmarkspanel
  • Kledning
  • Golv
  • Panel
  • Lister

Ønskjer du halvfabrikat, råmaterial for vidareforedling, eller eit fullstendig ferdig produkt? Me tilpassar i samarbeid med deg.

Biprodukt

Me er opptekne av berekraft og utnytting av heile stokken, og me tilbyr eller nyttar vidare:

  • Sagmo (sagflis)
  • Høvelspon
  • Bork
  • Energiflis (30–35 % fukt)

Dette gjer at lite går til spille, og alt som ikkje vert brukt i våre eigne anlegg, kan seljast vidare til bønder eller andre verksemder.

Siste del i produksjonslina er høvling av ferdig skore tømmer, merking og pakking
Villmarkspanel og villmarkskledning er to av våre spesialitetar