Malmrik furu frå Seimen Sag

Meir enn ei bygdesag!

Nisjesagbruk med komplett produksjonslinje - frå stokk til skreddarsydd trevirke

Treentusiastar med solid fagkunnskap

Seimen Sag og Høvleri er ei ekte nisjesag med brei kompetanse og lidenskap for tre. Me spesialiserer oss på å produsera akkurat det du treng – frå unike spesialdimensjonar til tidlause bestseljarar. Me tilbyr blant anna malmfuru, laftetømmer og lafteplank, villmarkskledning og villmarkspanel, i tillegg til unik og tradisjonell kledning, golv, panel og lister i høg kvalitet.

Me hevar kvaliteten

Vårt mål er å levera kortreiste produkt tilpassa dine behov, anten du driv med restaurering, bygging av nytt eller ynskjer særpreg og kvalitet i kvart bord. Med lokal forankring, solid handverk og fleksibel produksjon er me den perfekte samarbeidspartnaren for deg som set pris på materialar med kvalitet og historie.

Moderne utstyr må til

Med moderne maskiner og solide handverkstradisjonar i ryggen, kan me tilby ein fleksibilitet du sjeldan finn hjå dei store, standardiserte sagbruka. Hjå oss får du skreddarsydde løysingar, tilpassa akkurat dine behov, anten du treng spesialdimensjonar, unike profilar eller material med særpreg og kvalitet i kvar fiber.

Individuelt tilpassa

Me leverer kortreiste kvalitetsprodukt som gjev prosjektet ditt ditt sjel, særpreg og smarte løysingar – perfekt både til rehabilitering og nybygg. Treng du spesialdimensjonar eller produkt tilpassa dine behov? Det fikser me. Hjå oss får du alt på èin plass – raskt, fleksibelt og lokalt.

Berekraftig drift på Vossestrand

På Vossestrand har me bygd opp eit moderne anlegg der miljø og berekraft står i sentrum. Med eige flisfyringsanlegg, solcelleenergi og smart utnytting av biprodukta våre, driv me sagbruket med omtanke for både naturen og framtida. Når du handlar hjå oss, får du ikkje berre kvalitetsprodukt, du får eit miljøvenleg val som gjer godt for både bygget ditt og jorda me bur på.

Utnytting av biproduktEit av mange miljøvenlege tiltak