Om Seimen Sag og Høvleri AS
Seimen Sag og Høvleri AS er eit moderne sagbruk og høvleri på Voss, med djup forankring i lokal skogbrukstradisjon og ein sterk vilje til å utnytta ressursane på ein berekraftig og framtidsretta måte. Produksjonsanlegget er bygd opp rundt moderne og fleksibelt utstyr som gjer oss i stand til å tilby både standarddimensjonar og spesialprodukt tilpassa kundane sine behov.
Lokal forankring og spesialkompetanse
Me kombinerer solid handverkskunnskap med effektiv og moderne drift, noko som gjer oss i stand til å levera både store volum og skreddarsydde løysingar. Me er spesielt gode på nisjeprodukt som Spesial dimensjonar, lafteplank, villmarkskledning og interiørprodukt. Produkt som krev både presisjon og erfaring. Dette gjer oss til ein naturleg samarbeidspartnar for kundar som verdset kvalitet, fleksibilitet og kortreist materialbruk.
Berekraft i praksis
Berekraft er meir enn eit slagord for oss det er ein raud tråd gjennom heile drifta. Me nyttar i hovudsak lokalt tømmer frå skogar i nærområdet, noko som gir kort transport, lågare CO₂-utslepp og bidreg til å halda skogressursane i aktiv bruk. Me legg òg stor vekt på å utnytta heile tømmerstokken: Flis, bark og sagflis vert tekne vidare i verdikjeda og brukt til energi, jordforbetring og andre formål. Slik skapar me ein sirkulær økonomi der ingen ressursar går til spille.
Naturleg haldbarheit med malmrik ved
Me har òg eit spesielt fokus på å nytta tømmer med høg andel malm – den tette, harde kjerneveden som naturen sjølv har impregnert gjennom treet sin vekst. Denne naturlege impregneringa gjer trevirket svært haldbart og motstandsdyktig mot råte og fukt, heilt utan bruk av giftige kjemikal. Dette gir eit miljøvenleg og varig sluttprodukt som eignar seg godt til alt frå tradisjonshandverk til moderne byggeprosjekt.
Eit framtidsretta sagbruk
Seimen Sag og Høvleri AS leverer til både entreprenørar, byggmeisterar, privatkundar og det offentlege. Etterspurnaden etter kortreist og berekraftig trevirke er aukande, og me er godt posisjonerte for å møta denne utviklinga. Med lokalt råstoff, moderne utstyr og kompetanse i alle ledd, tilbyr me produkt med ei historie og ei kvalitet som står seg over tid.